John Aune

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
John Aune
John Aune og konfirmantar fødde 1908.jpg
John Aune og konfirmantar fødde i 1908
Født: 3. mai 1887
Død: 6. mars 1964 (76 år)

John Aune (fødd 3. mai 1887 i Rennebu) var prest i Valle prestegjeld frå 1917 til 1923. Han var son av ein gardbrukar og gjekk vinteren 1904-1905 på Fredly folkehøgskole. Deretter begynte han på Levanger lærarskule for å verte lærar, men slutta der då mor hans vart sjuk. Etter at ho døydde, begynte han på mellomskule i Volda. Sidan studerte han teologi og vart cand.theol. i 1916. Etter å ha teke praktikum vart han utnemnd til sokneprest i Valle og kom til Valle 24. januar 1917. I 1918 gifta han seg med Gyro Lidvardsdotter Skeidvollen.

I hans tid vart Valle ungdomslag skipa av mellom andre Torjus Åkre, og Aune støtta dette arbeidet både med å tale på møta deira og ved å kausjonere for banklån til ungdomshus. I desse åra var det og ei vekking i Valle ved emissærane Severin Tobiassen og Johan Gjærdal frå Kinamisjonen. Dei skipa Kinamisjonslag og hadde fri nattverd, så det var grunnlag for strid i kyrkja. Dette var nok ein viktig grunn til at han søkte seg bort frå Valle. I 1923 fekk han stilling som sokneprest i Surnadal, der han og var prost. Sidan kom han til Melhus.

Kjelder