Ja-benken

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Ja-benken fotografert på 1920-talet
Under vegomlegginga i 1967 vart benken flytta nokre meter
Foto: Reidar Tveito
Bortgøymd og gløymt, tett inntil trafikken.
Foto: Reidar Tveito

Ja-benkenByglandsfjord er to store tilforma steinheller som har stått like inntil Setesdalsvegen sidan 1887. Hellene har ei rektangulær form, og var sette opp slik at dei utgjorde ein solid benk. Gjennom åra har dei vorte flytta fleire gonger når vegen har vorte omlagd på staden.

Historikk

I 1839 ga Staten penger til bygging av ein kjerreveg oppover frå Kristiansand. Vegen vart ferdig fram til Valle i 1844 og opp til Bykle i 1879. Frå Hornnes gjekk vegen på vestsida av Otra til Gullsmedmoen, og til Senumsbåtane. Dei frakta folk og gods etter Byglandsfjorden til Ose, og ferja ferdafolk over Senumsundet, for vegen til Valle gjekk vidare oppover på austsida. I 1877 kom det bru over Otra ved Evje, og i 1887 veg mellom Evje og Vassend med bru over utlaupet av Vassendkilen.

I 1866 kom dampbåten Dølen i drift på Byglandsfjorden, mellom Gullsmedmoen og Bygland, og etter slusebygging opp til Ose. Frå den tid kom det ein avstikkar frå vegen over Salberga ned mot fjorden og dampbåten. Like ved Vassendbrua vart så desse to steinhellene sett opp som ein svær benk der ferdafolk kunne take ein kvil. Årstalet 1887 vart også meisla inn, og markerar truleg denne vegomlegginga.

Sidan vart det bygd jarnbane mellom Kristiansand og Setesdal, og denne fekk sin endestasjon ved Gullsmedmoen, men på austsida av fjorden. Stasjonsbyen Byglandsfjord vaks fram, i fyrste omgang mellom Setesdalsvegen, fjorden og jarnbanen. På 1950-talet vart vegen gjennom Byglandsfjord utbetra, og det kom ny bru av betong over utlaupet av Vassendkilen. Om lag 15 år seinare, etter at Setesdalsbanen var nedlagt, vart det på ny omlegging av Setesdalsvegen til slik han ligg nå, i 2011.

Soga om Ja-benken og Nei-benken

Ja-benken vart flutt nokre meter under vegomlegginga i 1967. Nyvegen vart ein del høgare, slik at benken nærast vart liggande i ei hole, og kom difor ut av bruk. Buskas grodde til slik at mange av dagens B.fjordingar ikkje kjende til dette kulturminnet. Annleis var det i tidlegare tider, med mykje mindre biltrafikk og folk som gjekk etter vegen. Det heiter seg at om du var ute og gjekk med kjærasten, så kunne du fri til henne her, og truleg få eit ja. Difor dette namnet.

Men det var endå ein steinbenk attmed vegen utaføre Vassend. Staden der denne var finnest ikkje lenger, for heile området vart sprengd bort av Vegvesenet i 1966-67 under framføringa av kompensasjonsvegen etter jarnbanen. Nei-benken var ei 2-3 meter lang tilhoggen steinhelle som var plassera mellom stabbesteinane der vegen under Kalveskinnsups gjorde ein skarp sving. Her gjeng vegen rett fram i dag, berre i ein periode hindra av denne vegbommen som vart sett opp her.

Det skal vere to bakgrunnar for at denne steinhella fekk namnet Nei-benken. Om guten ikkje hadde mot nok til å fri på Ja-benken, gjekk dei gjerne vidare utover medan motet vaks. Men når dei kom til Nei-benken var jenta så lei av å gå, at ho gjerne svara nei på frieriet. Ei anna forklåring var at Nei-benken var så ugrei å sitje på at svaret vart nei om ein fridde her.

Lagnaden til Ja-benken og Nei-benken

Nei-benken reiknar ein med at forsvann i vegfyllinga då vegen vart lagt om på staden. Etterpå laga Vegvesenet til ein rasteplass på dette området som vert mykje bruka av ferdafolk. Som nemt over, så vart Ja-benken flytta nokre meter i 1967, og har stått slik sidan. Einar Gudmundson fekk i gong ein debatt i Setesdølen i 2007 for å få dette kulturminnet fram i dagen, utan at det førde til noko meir då. Men då Vegvesenet skulle til med ein gangveg i området i 2011, tok Reidar Tveito kontakt med Pål Arnfinn Haugen i Aust-Agder Vegvesen, som tok kontakt med Bygland kommune, som igjen tok kontakt med Byglandsfjord Grendelag. Dette ga resultat, for på måndag 31. oktober 2011 flytta folka til Nomeland Anlegg Ja-benken opp til badestranda nedanfor skulen, etter ynskje frå grendelaget.

Nå står benken vendt mot den nye gangvegen som gjer det trygt for mjuke trafikantar å ferdast mellom Byglandsfjord og Vassend. Og skulle du vera romantisk på lag, kan du framleis fri til din kjære her.

Flytting av Ja-benken i 2011

Kjelder

  • Setesdølen 13 november 2007
  • Randi Moen
  • Olav Nordgaard