Skilnad mellom versjonar av «Inger Juvastøl»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Presisert en kategori)
(→‎Andre verv: lenkefiks)
 
Line 27: Line 27:
*Med i komiteen for [[Løvlandjubileet]] i 2005 med ansvar for [[Løvlandspelet]] samman med [[Aud Helene Austegard]]  
*Med i komiteen for [[Løvlandjubileet]] i 2005 med ansvar for [[Løvlandspelet]] samman med [[Aud Helene Austegard]]  
*Med i den lokale komiteen for feiringa av "Sørlandet i hundre".  
*Med i den lokale komiteen for feiringa av "Sørlandet i hundre".  
*Med i [[Evje Bondekvinnelag]] i fleire år og hadde vervet som studieleiar der ei tid.
*Med i [[Evje og Hornnes bygdekvinnelag]] i fleire år og hadde vervet som studieleiar der ei tid.


==Bøker==
==Bøker==

Siste versjonen frå 17. oktober 2019 kl. 15:11

Inger JuvastølSymbol unrelated.svg
Inger Juvastøl.jpg
Født: 7. august 1940 (83 år)

Inger Juvastøl (fødd 7. august 1940 i Finsland) er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på Byglandsfjord skule. Som pensjonist har ho vore aktiv i skriving og gjeve ut bok. Inger Juvastøl skriv også sin eigen blogg, bestasskraablikk. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, 20 år etter at ho i 1961 vart uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen. Då var ho 41 år og deretter jobba ho 25 år i Bygland kommune, dei første to åra på Bygland skule, resten av tida på Byglandsfjord. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Sjølv om ho ikkje har arbeidd som gartnar på mange år, har ho vore leiar av Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes i mange år og vararepresentant til styret i Blomstrende Sørland. I 2015 gav ho vervet som leiar i Blomsterstiftelsen over til Solveig Kallhovd.

Familie

I 1963 gifta ho seg med Egil Juvastøl. Dei leigde ein gard på Bjorå dei første åra, deretter budde dei på Hornnes i 12 år før dei i 1985 bygde hus i BakkemoenEvje. Fram til ho tok lærarutdanning var Inger Juvastøl heime med borna Torgrim, Arnfinn og Arnhild. Etter kvart har ho fått seg sju barnebarn. Om sommaren likar ho å vere på hytta i Søgne, der ho fiskar og fangar krabbar. Ein gong fekk ho til og med ei vinflaske i krabbeteina.[1]

Politisk arbeid

Midt på 1980-talet vart Inger Juvastøl vald inn i barnevernsnemnda i Evje og Hornnes kommune, der ho har budd sjølv om arbeidet hennar var på Byglandsfjord. Ho vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre i 1991 og vart leiar av helse- og sosialutvalet. I 1995 vart ho vald inn i Aust-Agder fylkesting, der har ho vore fire periodar, men sa nei til attval til hausten 2011. Frå 1999 til 2003 var ho varamann til Fylkeslandbruksstyret og møtte ganske ofte på møta der. I fylkestingsammanheng har ho hatt ein plass i det interfylkeskommunale utvalet for EU sitt vanndirektiv. Ho er vararepresentant i utvalet for Heieplanen og i ATP-utvalet.

I 1999 tok ho sete i kommunestyret igjen, då som varaordførar. I perioden 2007-2011 var ho vararepresentant til kommunestyret. Ho stilte på andreplass på Høgre-lista i Evje og Hornnes til valet i 2011. Då kom ho inn att i Evje og Hornnes kommunestyre. Ho vart og vald til leiar av plan- og bygningsrådet i Evje og Hornnes 2011.

Styreverv

Inger Juvastøl har hatt ei rekke styreverv:

  • Evje og Hornnes Høyre frå -95 og fram til i dag med ein liten periode som leiar.
  • Aust Agder næringsselskap
  • Evje Utvikling
  • Setesdal Bilruter
    • Birkeland Busser
    • Setesdal Bilruter Eigedom.
  • Setesdal Næringshage
  • Setesdal Regionråd
  • Valle industribygg
  • Åmli Næringshage

Andre verv

Bøker


Tekstar

Kjelder

Referansar

Eksterne lenker