Ingebjørg Kjelleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. september 2017 kl. 07:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks og småpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingebjørg KjellebergSymbol unrelated.svg
Født: 12. september 1950 (73 år)

Ingebjørg Kjelleberg (fødd 12. september 1950) er tidlegare eigar av Valle Motell saman med Hallvard Kjelleberg. Ho vaks opp på Rysstad. Ho gjekk på realskulen i Åmli, deretter reiste ho til Oslo og gjekk på Treiders handelsskole. Ho fekk så jobb på Norsk Polarinstitutt i eit år, før ho drog til Kristiansand og jobba på Kristiansand Ligningskontor i eit par år. Etter dette flytta ho heim til Valle, og gifta seg med Hallvard i 1972. Den første tida i Valle jobba ho på Brokke Kraft, men etter eit par år der, vart det så mykje arbeid på Valle Motell at ho slutta der.

Kjelder

  • Munnleg informasjon frå Ingebjørg Kjelleberg 31. august 2011