Hunsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. august 2015 kl. 14:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten språkendring)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hunsfossen rett nedanfor inntaksdammen til Uleberg kraftverk. Foto: Geir Daasvatn

Hunsfossen er ein svær foss i elva Skjerka rett aust for Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Her stuper Skjerka i fleire trinn ned i ei djup bekkekløft. Fleire av dei øvste trinna i fossen har ei fallhøgde på meir enn 10 meter. På ei strekning på 700-800 meter er den samla fallhøgda om lag 110 meter.

Skjerka-vassdraget vart regulert alt i 1912, då Gyvatn blei demd opp. Vassføringa i Hunsfossen vart då kraftig redusert. Agder Energi har frå 2006 utnytta Hunsfossen til kraftproduksjon i Uleberg kraftverk, og vassføringa i fossen har etter det blitt endå noko meir redusert.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...