Hovden Kunsthandel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. februar 2020 kl. 10:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden Kunsthandel er eit kunstgalleri og ein rammeverkstad i Hovden sentrum i Bykle. Innehavar er Kjetil Uleberg.

Historie

Verksemda starta som ein liten rammeverkstad, «Rammesjarmøren», rundt 2006. Interessa for innramming og kunst blei større etter kvart. Verkstaden overtok då nabolokala og innreidde galleri der ein kunne ha salsutstillingar av kunst og handverk. Mellom dei kunstnarane som har stilt ut verka sine er Ella Uleberg (Visjoner i glass, 2009), Mona Ida Håvorstad Frøysnes (måleri og grafikk, 2009), Per Ove Sødal (måleri og grafikk, 2010), Tove Krogh, Bjørn Aurebekk, Gru Suvatne, Erik Jedrum (2011), Jeannie Ozon Høydal (måleri og grafikk, 2014) og Ole Storm (måleri og grafikk, 2015).

Kjelder

Eksterne lenker