Hovatn kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mars 2020 kl. 00:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftstasjonen sin inngang.
PeltonMan (2013)

Hovatn kraftverk er eit vasskraftverk ved Heistad, nord i Bygland. Det nyttar eit fall på 485 meter frå inntaks- og hovudmagasinet Hovatn (691 - 674 moh) ned til Otra. Hovatn får og vatn frå Fiskeløys, Byrtingsvatnet og øvre delen av Heis-vassdraget. Samla effekt er 45 MW og midlere årsproduksjon 230 GWh.

Det vart bygd i 1969, og produksjonen starta i 1971. Kraftstasjonen ligg inne i fjellet ved Heistad. I fjellet står ein Francis-turbin som produserar meir enn 1kWh per m³ vatn. Då det opna i 1971 var kraftverket det største i Europa med omsyn til effektutnytting av vatnet.

I 1998 fekk Otteraaens Brugseierforening konsesjon til å sprenge to kanalar på botnen av Hovatn for å leie vatnet forbi to tersklar som hindra som vart ståande igjen på sørsida av Vikodden over til inntakstunnelen. Grunneigarane var sterkt imot dette grunna fiske og dei kraftige miljømessige inngrepa dette ville medføre. Grunneigarane vann saka, inga kanalar vart bygd.

Agder Energi Produksjon AS, eit dotterselskap til Agder Energi, eig Hovatn kraftverk og Otteraaens Brugseierforening er reguleringsansvarleg.

Sjå og

Eksterne lenker


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss