Hornnesholtan

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Hornnesholtan var eit skogstykke på begge sider av Kjetsåvegen, eit par hundre meter vest for Kjetsåkrysset. Då Arsenalet på Sørlandet blei etablert her, måtte store delar av skogen hoggast.

Nils Dåsvatn var 10 år gamal i 1940. 13. april 1940 sprang han og ein ven, Halvard Olsen, utover vegen mot Kjetså for å kikke etter tyskerane. Halvard hadde høyrd at dei var komne dit. I Hornnesholtan traff dei på den første tyskaren, som lurde seg frå tre til tre med mauseren klar. Litt lenger ut mot Kjetså, etter Voilestø, stod det ein lang kolonne med bilar og hestar.

Kjelder