Hornnes mi heimbygd - 2 (bok)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. september 2020 kl. 06:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes mi heimbygd - 2 «Hornnes herad» er ei biletbok med tekst frå gamle Hornnes kommune, frå Senum i nord til Hodne i sør. Ho kom ut i oktober 2019, og var ein oppfølgar til Hornnes mi heimbygd - 1. Bilete og tekst er ved Alf Georg Kjetså. Ein del av bileta har han teke sjølv. Mange er henta frå den store biletsamlinga hans. Layout: Ronald Werner. Utgjevar er Evje og Hornnes Sogelag. Boka er trykt hos Setesdalstrykk. 170 sider. Ho er å få kjøpt mellom anna hos Norli Evje og Joker Dåsnes.

Alf Georg fekk sitt første fotoapparat i 1948. I 1957 kjøpte han seg eit nytt apparat av merke Agfa. Mange år etter det igjen kjøpte han seg eit Minolta fotoapparat, med utskiftbare objektiv. Han blei engasjert av bygdesogeskrivaren Olav O. Uleberg til å skaffe bilete til gards- og ættesoga for Hornnes. Slik starta livet som hobbyfotograf.

Boka byrjar med Hornnes kyrkje, ein stad som står heilt sentralt for alle som høyrer til gamle Hornnes kommune, og sluttar heilt i sør, på Hodne. Nær sagt alle krinkar og krokar av Hornnes er boka innom, akkurat som i den første, med bilete og medfølgande tekst til kvart bilete.

Kjelder

  • Boka