Hornnes mi heimbygd (bok)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2017 kl. 19:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hornnes mi heimbygd (bok))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes mi heimbygd - «Hornnes herad» er ei bildebok med tekst frå gamle Hornnes kommune, frå Senum i nord til Hodne i sør. Ho kom ut i september 2017. Bilder og tekst er ved Alf Georg Ketså. Layout: Ronald Werner. Utgjevar er Evje og Hornnes Sogelag. Boka er trykt hos Setesdalstrykk. 146 sider. Ho er å få kjøpt mellom anna hos Norli Evje og Joker Dåsnes.

Alf Georg fekk sitt første fotoapparat i 1948. I 1957 køpte han seg eit nytt apparat av merke Agfa. Mange år etter det igjen kjøpte han seg eit Minolta fotoapparat, med utskiftbare objektiv. Han blei engasjert av bygdesogeskrivaren Olav O. Uleberg til å skaffe bilder til gards- og ættesoga for Hornnes. Slik starta livet som hobbyfotograf.

Boka byrjar med Hornnes kyrkje, ein stad som står heilt sentralt for alle som høyrer til gamle Hornnes kommune, og sluttar heilt i sør, på Vestre Hodne. Nær sagt alle krinkar og krokar av Hornnes er boka innom, med bilde og medfølgande tekst til kvart bilde. Spesielt mange bilder er det frå skulane i Hornnes, der Alf Georg hadde virket sitt i fleire årtider.