Hornnes barneskule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes barneskule ligg idyllisk til på Jortveit. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes barneskule ligg på Jortveit i Hornnes, nær Hornnes barnehage, Hornnes gymnas og Otrahallen, og er ein av to barneskular i Evje og Hornnes kommune.

Skulen var i mange år ein fådelt skule med omlag 70 elevar. I dag har skulen ca 120 elevar fordelt på 7 klassar. Det er også ei eiga skulefritidsordning knytta til skulen. Rundt halvparten av elevane har skuleskyss. Målforma er nynorsk.

Einingsleiar (rektor) for tida (2014) er Solveig Nystøl Moi.

Bygningen

Skulebygget er frå 1972, og har blitt bygd ut og modernisert både i 1991 og 2006.

Historie

Tidlegare og noverande tilsette

Kjelder

Eksterne lenker