Horgeknipen turløype

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Horgeknipen
Restar etter ei bygdeborg frå folkevandringstida
Foto: Reidar Tveito
Toppen, 400 moh. Svaen i bakgrunnen
Foto: Reidar Tveito
Bygland Bygdekvinnelag på tur. Turfolka står på restane av bygdeborga. Nærast til venstre står Sigbjørn Horverak, Fatima Aakhus og Aasmund Lauvdal. Fotografen midt på er Turid Greibrokk.
Foto: Reidar Tveito

Horgeknipen turløype ved Byglandsfjord, tek til på Senum og endar oppe på toppen av Horgeknipen. Turlengde ein veg er omlag 2 km. Alle grunneigarane har vore velviljuge til denne turløypa, men vil gjerne ha området fritt for turfolk under elgjakta. Ver varsam med open eld.

Turveg i grenseland

For ukjende som kjem i bil, må ein take av frå riksveg 9 i rundkøyringa like sør for Byglandsfjord. Derifrå fylgjer ein fylkesveg 305 (Senumsvegen) mot vegkrysset på Senum, og fylgjer fylkesveg 304 vidare nordover gjennom Senum. Like innmed Bjørndalsbekken, mellom dei to siste husa på venstre side (vestsida) av vegen, der går det ein ca. 100 meter lang privatveg som leier fram til der turløypa tek til.

Heile turløypa er merka med raud farge, og i 2014 har òg Regionrådets folk merka løypa med blåfarge. Løypa fylgjer Bjørndalsbekken eit godt stykke oppover til Bjørndalsstøa. Der vegen deler seg held ein mot høgre og fylgjer løypemerka vidare. (Den umerka stien mot venstre endar inne på Senumsheia.) Det kan vera litt blautt øvst oppe innan vegen endar i skaret mot Ystejordet. Nå gjeng det ein sti vidare opp på ein kolle der det er høve til å setja seg ned og nyta utsynet utover Byglandsfjorden. Ei gjestebok vart lagt ut her i 2009.

Nå har ein passera grensa til Bygland kommune utan at det gjer noko. Stien vidare til toppen av Horgeknipen går fyrst gjennom eit tett plantefelt, så opp ei ny stigning, og vidare gjennom gamal furuskog. Når den siste oppstigninga tek til opp mot sjølve toppen, vil ein passera restane etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Berre ei steinrøys å sjå til, men ein gong eit forsvarsverk frå tider då ein måtte verja seg og sine på eiga hand. Eit privat opplysingsskilt markerar staden. Grenselina mellom kommunane skjer rett over øvste toppen, og mellom trea kan ein mot sør sjå mot Senum i Evje og Hornnes kommune, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi i Bygland kommune. Toppen ligg 400 moh., som er ca. 200 meter høgare enn Byglandsfjorden.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne lenker