Hodne gard

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Hovudhuset på Hodne gard

Hodne gard ligg lengst sør i Evje og Hornnes kommune, på Vestre Hodne, bare eit par kilometer nord for kommunegrensa, på vestsida av Riksveg 9. Ingebjørg og Søren Hodne produserer økologisk mjølk og av denne lagar TINE Meieri Setesdal smøret Søren så godt. Høyløa over fjøset er gjort om til selskapslokale, her tek ein imot gjester til ulike sosiale samlingar. Skuleklassar og barnehagar kjem og på gardsbesøk.

Hodne Gard er ein av to partar i det som har fått namnet Hodne og Klepp samdrift. Dei har om lag 40 kyr.

Kjelder

Eksterne lenker