Håhelleren

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Håhelleren.
Her har naturen laga ly for ferdafolk i fjellet gjennom alle tider. Nå er det helst sauene som nyttar staden.
Foto: Reidar Tveito

Håhelleren ligg på fjellet (ca. 900 moh.), omlag midtvegs mellom Setesdal og Sirdal ikkje langt frå Brokke-Suleskarvegen, heilt vest i Valle kommune, og er den høgaste naturlege hellaren i Setesdal.

Ein gamal ferdsleveg mellom Setesdal og Stavanger, Skinnvegen, gjekk like forbi Håheller. Trafikken kunne til tider vere stor. Ein rekna med at det ville ta 17 timar å gå heile vegen mellom Brokke og Suleskaret. Ein var difor nøydd til å ha ei overnatting under hellaren.

I 1818, under naudsåra under Napoleonskrigane, busette to nygifte par seg i Håheller. Den første oppsittaren var Olav Sjursen Hamkold. Den andre var Torjei Fidjeland, og den tredje var Syvert Knutsen Haugetveit. Om det var fleire er usikkert. Men ein veit at det alltid var to familiar på Håheller samstundes. Det viktigaste livsgrunnlaget var å drive fjellstove for vegfarande, og ferja dei over Håhellervadet.

Dei heldt fyrst til i ei fiskarbu som truleg sto innunder fjellet. Seinare sette dei opp husvære like nedafor, og var bufast her fram til 1844. Det let seg ikkje gjera å dyrka korn på ein slik stad, men spor etter kultivering i dei mest solvendte bakkane syner at ein har freista dyrka potetar og anna. Men også dette måtte gjevast opp. Så det vart til å slå graset og halda husdyr, i tillegg til å gje husly til dei vegfarande.

I 1844, etter å ha vore ved Håheller i 26 år, fann folka der ut at levegrunnlaget var for tynt. Dei flytta attende til Sirdal, der dei hadde kome frå. Bygga vart rivne og materialene tekne med på flyttelasset.

Etter at husa var borte, laut vegfarande igjen søkja ly innunder hellaren fram til 1867. Då sette styresmaktene opp ei ny bu for overnatting på dei gamle tuftene. I dag har DNT Sør ei turisthytte på staden. Om det skulle vere fullt i hytta, er det fint overnattingsplass for 15-16 vaksne under hellaren.

Sjå også

Kjelder