Gunnar Attestog
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gunnar Attestog | ||
---|---|---|
Født: | 7. april 1928 | |
Død: | 6. september 2020 (92 år) |
Gunnar Attestog (fødd 7. april 1928, død 6. september 2020) var tippoldebarn av eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande. Han budde på Jordalsbø i Bygland.
Gunnar arbeidde nokre år i Statens vegvesen sin hovudverkstad i Arendal. Etter det arbeidde han på verkstaden vegvesenet hadde i Valle. Dit pendla han i mange år, frå heimen i Jordalsbø.
Då Gunnar vart pensjonist, tok han til å bygge feler. Han er blitt kjent som ein flink felebyggjar. Han har også drive med laftebygging og anna tømmermannsarbeid. Størstedelen av tømmermannsarbeidet på huset heime i Jordalsbø har han gjort sjølv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Næraste slektning til eidsvollsmannen. Artikkel i Setesdølen nr. 31, 2014 side 7
- Sigurd Haugsgjerd, Felebyggjaren fyller 90, artikkel i Setesdølen nr. 25, 2018, side 5