Grimsdalsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 08:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Åmli)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grimsdalsvatn i Vatnedalen

Grimsdalsvatn er eit vatn i Bygland kommune. Det ligg aust for Longeraksvatnet og Jorundstjørni, heilt på grensa til Åmli kommune. Grimsdalsvatn ligg 465 moh. Vatnedalsvegen går frå Grendi og opp mellom Grimsdalsvatn og Jorundstjørni og på nordsida av Grimsdalsvatn. I den nordvestlege enden av vatnet er det registrert eit gamalt båtstø-anlegg på lista over Kulturminner i Bygland kommune.

Cay Hovstad eig eit område ved Grimsdalsvatn og ved rullering av kommunplanen for Bygland i 2009, sende han inn forslag om eit hytteområde her. Dette vart kommentert slik av administrasjonen: «Grimsdalsvatn ligg lenger bort frå offentleg veg og fast busetnad enn noko anna godkjent utbyggingsområde i Bygland. Ved Grimsdalsvatn er det i fylkesplanen innteikna regionalt viktig friluftsområde, og det er registrert eit rikt fugleliv. Det gamle støylslandskapet med myrer og våtmarksområde vurderast som så verdifullt at det ikkje bør inngå i utbyggingsområde for hytter. Planområdet ligg dessutan inntil vatnet og vassdraget på ein slik måte at utbygging ikkje kan godkjennast slik som framlegget ligg føre.» Og slik vart det. Hytteområde ved Grimsdalsvatn vart ikkje teke med i planen.

Kart

Laster kart...

Eksterne lenker