Futevegen (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juni 2018 kl. 08:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Breidåna Egså Åseral 260716.JPG
Futevegen kryssa Breidåna her rett nord for Egsåvatn. Brua er av nyare dato.

Futevegen mellom Hornnes og Åseral var ein gamal kløv-, ride- og ferdsleveg frå Faret opp gjennom Dåsvannsdalen til Uleberg og vidare vest over Hova til Egså i Åseral. Det var den mest nytta ferdslevegen mellom Åseral og Hornnes i eldre tid. Han skal ha vore offentleg veg til rundt 1880-talet.

Vegen var ein «roteveg». Oppsittarane på Uleberg hadde plikt til å halde vegen oppe om vinteren. På Uleberg var det også tilsett skyss-skaffar som måtte stå til teneste når fut eller skrivar hadde ærend til Åseral.

Ein kan ennå finne spor etter vegen. Store steinheller er lagde ned. Over blautmyrene ligg klopper. Vegen er avmerka på kart, og noko merka i terrenget. Rett nord for Egsåvatn er det skilt som syner startpunktet for vegen frå Åseralsida.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...