Frøyrakshorgi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. juli 2018 kl. 23:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøyrakshorgi sett frå sør mot nord. I bakgrunnen Fånefjell.
Frøyrakshorgi sett frå Bjoren 24. juni 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Frøyrakshorgi er eit fjell (480 moh.) nord-aust for Frøyrak på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland kommune. Fjellet ligg som eit nes ut i fjorden rett sør for Lisle Fånefjell. Ut frå fjellet mot aust stikk den låge Bernesodden. Fylkesveg 304 passerer på vestsida av fjellet.

Namnet på elva Otra skal kome av dyret oter. Etter gamle sagn skal det kome av åsryggen - Frøyrakshorgi - som «stenger» dalen her. «Aa stundom, itt det ligg´e noko snjór´e av ljos aa skuggji fedde rett, so likjest aasen ein store ottre som krabbar seg fram aust´atí, aa fyri renner dei tvai smaa ungann hass. Ja so sa da gamle, at dette var upphavet ti nomno Otre aa Otredal», skriv Gunnar Rysstad.

Kjelder