Flåstrondi (stadnamn)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåni med Flåstrondi langs austsida (til høgre).
Gamle murar etter Postvegen oppe i lia forbi Flåstrondi.
Foto: Geir Daasvatn

Flåstråndi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes i Valle.

Vegmiljø

Postvegen, den aller første køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal, kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart veglina for ras og steinsprang. Det blei gjort store utbetringar på 1930-talet. I 1973 kom det ny bru over Kveasåne. Det var den tredje brua der. Den siste ombygginga skjedde rundt 2003-2004. Då blei vegen flytta delvis ut i vatnet. Alle dei tidlegare vegane er synlege innanfor dagens Riksveg 9.

Kjelder

Kart

Laster kart...