Flåren bru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Flåren bru med bruka i Flårenden bak.

Flåren bru er ei bru på Riksveg 9 over Otra ved Flårenden i Valle. Ho er ei sprengverksbru i stål, bygd i 2004, i samband med omlegging og rassikring av riksvegen forbi Flåstrondi.

Den første brua over Otra på denne staden kom i 1866–1868. Det var ei solid tømmerbru med brukar i hoggen stein. Ho vart avløyst av ei ny bru i 1956–1957. Det var ei stålbru. Dagens bru er såleis den tredje brua her.

Kjelder

Kart

Laster kart...