Fjellfly

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Hovudbasen sør for Hartevatn.
Helikopter frå Fjellfly i aksjon under skogbrannen på Sordal i Bygland 16. juli 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Fjellfly er eit helikopterselskap med hovudbase i Hartevatn industriområde sør for Hovden.

Historie

Einar Andersen etablerte Fjellfly i 1977.

Første maskin var ein Cessna 206 med flottørar. Flåten vart seinare utvida med ein Cessna 185 og ein DeHavilland Beaver. I 1983 fekk selskapet sitt første helikopter. Drifta innebar ei utstrakt verksemd innen sightseeing, transport av jegarar og fiskarar i fjellet, foto- og reklameflyging, overvaking og anleggsflyging. Selskapet dreiv også helikopterskule med Hughes 269C, der selskapet satsa på å gje ein profesjonell utdanning under realistiske forhold. Selskapet etablerte sin egen heliport like sør for Hovden sentrum. Fjellfly hadde også avdelingar ved Bergen lufthavn Flesland og i Ulvik i Hardanger.

Etter å ikkje ha eksistert som sjølvstendig selskap sidan 2007, blei selskapet reetablert på hausten i 2010 og byrja med skuledrift. Men skuledrifta bli lagt ned våren 2015 til fordel for operativ drift. Frå og med mai 2013 har Fjellfly hatt eigen AOC, lisens og driftsløyve for operativ flyging med helikopter.

Sjøflyverksemda som selskapet også dreiv blei fasa ut tidleg i 2016.

Kjelder

Eksterne lenker