Fiskevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juli 2017 kl. 11:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Kjelde: lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fiskevegen er ein nesten attgrodd sti mellom Nomeland og Uppstad i Valle kommune. Vegen er rask/skjot å gange, men er også kjend for å vere kronglut.

Vegen begynner nederst nokre meter aust for brua med rv9 over Kåvåne, og fører opp til Uppstadvegen ved den skarpaste svingen øvst i den brattaste strekninga. Sjølve traseen er ikkje lett å sjå, men går antakelig nesten som ei rett linje på kartet, i to bratte kneiker med ei lita slette mellom og i begge ender.

Vegen har også ei avgreining oppi bakken til Grindeskard.

Stev

Eit kjent stev av Olav K. Uppstad frå Nomeland lyder slik:

«Fiskevegjen æ' vond'e gange,
men Oppstadjenton æ' verre fange.
Fiskevegjen æ' vond'e gå,
men Oppstadjenton æ' verre få.»

Kjelde

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...