Finndøl

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Finndøl er ei elv i Valle og Fyresdal i Telemark. Ho har utspringet sitt i områda rundt fjellet Høgsætet i Tokke i Telemark og renn først sørover gjennom Finndalen i Valle. Etter Hovvatn snur ho mot aust i retning Fyresdal. Eit stykke nede tar ho mellom anna opp elva Bondøl frå Bondalsvatn og Gausåni frå Gausvatn, før ho renn saman med Dalåni, og fortset til Fyresvatnet.

Frå Fyresvatnet renn Fyresdalsåna til Haugsjåsund sør i Nissedal. Her renn ho saman med Nisseråna, som derfrå blir kalla Nidelva. Finndøl er såleis ein del av Arendalsvassdraget. Fallet i elva er utnytta i Haukrei kraftverk og Finndøla kraftverk. Begge ligg i Fyresdal.

Kjelder

Kart

Laster kart...