Evjevegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evjevegen passerer forbi skulane i Evje.
Kvar 17. mai går folketoget heile Evjevegen frå Evje kyrkje til Evje sentrum. Dette er toget i 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Evjevegen er ein veg i Evje og Hornnes kommune. Han startar frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) i Arendalskrysset, og går ganske parallellt med Riksveg 9 (Setesdalsvegen) nordover forbi Evje ungdomsskule og Evje barneskule, Sindremoen og innkøyrsla til Oddeskogen bustadfelt, over Oddeåna og gjennom Kyrkjebygda til han treff på Fylkesveg 306 (Gautestadvegen) ved Evje kyrkje. Evjevegen er skuleveg for mange, og mellom Arendalskrysset og innkøyrsla til Oddeskogen er det fartsdumpar i vegen.

Historie

Evjevegen var tidlegare ein del av hovudvegen gjennom Evje og vidare oppover i Setesdal. På vestsida av vegen, nærare Otra, låg jernbanesporet til Setesdalsbanen. Då jernbanen blei lagt ned i 1962, kom det «kompensasjonsveg» gjennom Evje og Hornnes. Jernbanetrasèen mellom Evje sentrum og Kyrkjebygda blei no den nye trasèen til hovudvegen, det som i dag er Riksveg 9.

Kjelder

Kart

Laster kart...