Evjeneset

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evjeneset med flystripa. Bak, på andre sida av Otra, ser ein Evje kyrkje. Litt lengre opp i dalsida, til høgre, ligg Odde-garden. Endå lengre bak, til venstre, kan ein skimte den gamle steintippen ved Flåt nikkelgruve i Mykleåsen.
Evjebygda med Evjeneset i Otra sett frå aust, frå Mykleåsen.
Foto: Geir Daasvatn

Evjeneset er eit langt, smalt nes på vestsida av Otra, mellom Varpestraumen i nord og Kyrkjebygda og Birkelandsfossen i sør, på garden Birkeland sin grunn. Røyrkilen stikk langt innover på vestbreidda av elva her, på vestsida av neset. På Evjeneset er det eit større landbruksområde, og ei lita flystripe.

Kjelder

Kart

Laster kart...