Evje ungdomsskule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Evje ungdomsskule ein stille junikveld i 2015.
Evje ungdomsskule etter oppgradering 15. oktober 2021.
Foto: Geir Daasvatn

Evje ungdomsskule er ungdomsskule for heile Evje og Hornnes kommune. Skulen ligg på Sindremoen, om lag ein km nord for Evje sentrum, på same staden som Evje barneskule. Skulen har om lag 136 elevar frå 8.–10. trinn. Det er rundt 20 tilsette ved skulen. Rektor og leiar for skulen for tida (2021) er Kjell Hansen.

Til skulestart hausten 2021 var ungdomsskulen renovert og oppgradert. Det er også bygt ein ny fleirbrukshall ved skulane. Hallen erstatta den gamle gymnastikksalen, som ikkje lenger tilfredsstilte krava til slike bygg i dag.

Historie

Byggearbeida på dagens skulebygningar starta i desember 1962. Hovudbygget, klasserom og rom for administrasjonen, var ferdig til bruk i oktober 1963. Andre byggesteget, spesialromsfløyen og tannklinikken, kunne takast i bruk til skulestarten hausten 1964. Til sist kom gymnastikkbygget og symjehallen, som ungdomsskulen brukar saman med barneskulen. Symjehallen var klart til bruk først utpå nyåret 1966.

Tilsette

Kjelder

Ekstern lenke