Evje og Hornnes Sparebank

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den nye logoen til Evje og Hornnes Sparebank frå 2014.

Evje og Hornnes Sparebank er ein sjølvstendig bank som vart oppretta i 1864. Banken ligg sentralt på Evje, like nord for Sentrumsbygget. Det er også ei avdeling i Vennesla.

Banken driv tradisjonell bankdrift og har 13,5 årsverk fordelt på 15 stillingar. Forvaltningskapitalen er om lag halvannan milliard kroner. Resultatet i 2022 var på 31 millionar kroner. Utan avkastning på verdipapir var driftsresultatet 16,4 millionar. I 2011 var det 10 millionar i overskot.

I januar 2012 vann banken anbod på banktenester for Evje og Hornnes kommune, som har nytta sparebanken sine tenester i ei årrekke, men som må ha dei på anbod kvart tredje år.

Eika

Banken er med i Eika Alliansen og har ei avdeling for forsikring i tillegg til kundesenteravdeling og avdeling Intern drift.

Tilsette

Kjell Omland var banksjef i meir enn 30 år fram til 1. oktober 2014, då han vart pensjonist. Knut Kjetil Mjøen overtok då som banksjef. Astrid Borøy er nestleiar i banken. I kundesenteret er Anne Jorunn Klungeland avdelingsleiar og ho har med seg Irene Holene, Møyfrid Wehus, Hilde Birkeland og Signe Birkeland samt hovedkasserer Knut Egil Aasland i si avdeling. I forsikringsavdelinga har avdelingsleiar Jarle Olsen med seg Aud Kirsten Fjellestad, Line Myrvold Fredheim og Else Norunn Greibesland. Alle er autoriserte finansiell rådgjevarar. Regnskapssjef og nestleiar Astrid Borøy har med seg Helene Lislevand og Elin Aas i avdelinga for intern drift.

150-årsjubileum og jubileumsbok

I 2014 hadde banken 150-årsjubileum. Jubilèet vart markert med mange ulike tilstelninger gjennom året, mellom anna ein stor jubileumsfest laurdag 23. august 2014 i Otrahallen. Banken sin historie er skrive om i jubileumsboka 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014 av Sigurd Haugsgjerd.

Kjelder

Eksterne lenker