Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. november 2016 kl. 21:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget.
Sigmund med bokverket sitt i Evje og Hornnes Sparebank 4. november 2016.

Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie er tredje bok i eit bokverk på i alt tre bind om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Forfattar er Sigmund Monen. Jostein Wasbø har vore produsent. Dei mange bileta i boka kjem i hovudsak frå Alf Georg Kjetså si biletsamling. Ivar Haugen har bidrege med internett-søk og innhenting av opplysningar om folketeljingar m.v. Utgjevar er Evje og Hornnes kommune. 492 sider. ISBN 978-82-690462-3-6.

Forfattar Sigmund Monen kallar dei tre bøkene ei annleis industrihistorie. Han understrekar at i alle tre bøkene er det i hovudsak industriarbeidarane sjølve som guidar lesaren gjennom dalens gruvehistorie og smelteverksindustri. Framstillinga i bøkene er såleis for ein stor del tufta på opplysningar innsamla gjennom eit intervjuprosjekt Monen gjennomførte 1970-1986 med intervju av mange gruve- og verksarbeidarar om livet i nikkelindustrien på 1900-talet.

Bok III er arbeidarhistorie basert på intervju med 20 verksarbeidarar i 1986, supplert med arkivstoff. Praktisk talt alle tema omkring drifta av sjølve verket er omhandla. I tillegg er det omfattande stoff frå den lokale krigshistoria, om arbeiderrørsla og idretts- og foreningslivet i bygda med meir. Dei som jobba på «verket» var jo også ein del av bygdemiljøet generelt. Forfattaren sjølv skriv mykje om motsetnadane han meiner var mellom arbeidarkulturen og bedehusrørsla, og kva denne kløyvinga kan ha hatt å seie for satsinga på kultur i bygda.

Innhald

Sjå også

Kjelder

Føreord for heile intervjuprosjektet, bok I side 5-14 og innhaldslista i bok III