Eva Richter

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mai 2015 kl. 22:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fdato)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eva RichterSymbol unrelated.svg
Født: 10. september 1945 (78 år)


Eva Irene Richter (født 10. september 1945) var rådmann i Bygland kommune frå mars 2003 til juni 2007. Ho var tilsett i eit åremål på seks år, men vart løyst frå åremålet knapt to år før tida. Då ho slutta, hadde ho vore sjukemeldt ei lang tid. Før henne var Ola Tolstad rådmann i Bygland, dåverande økonomisjef Aasmund Lauvdal vart konstituert i stillinga etter henne.

Ho starta yrkeskarrieren sin som byssejente til sjøs, men tok utdanning som sosialpedagog og arbeidde med strategiske næringsplanar i NHO og i eige rådgjevingsfirma før ho kom til Bygland. Ho hadde og arbeidd hos NSB, Fylkesbaatane og Airlift. Ho var den første kvinne som var rådmann i Aust-Agder.

Etter at ho hadde vore rådmann i Bygland, flytta ho tilbake til Florø, der ho kom frå då ho kom til Bygland. Då engasjerte ho seg i Flora arbeidarlag, der ho var sekretær i styret. I perioden 2011-2015 var ho medlem av kontrollutvalet i Flora kommune, der ho representerte Ap.

Kjelder