Europris Evje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Europris på Verksmoen.
Tonje Kirkholm Skauen (t.v.) og Marthe Åsen styrer Europris-butikken fra januar 2020.
Foto: Geir Daasvatn
Butikksjef 2011-2019 Leif Jørgen Versland 12. januar 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Europris Evje er ei forretning på VerksmoenEvje. Butikksjef frå januar 2020 er Tonje Kirkholm Skauen. Marthe Åsen er assisterande butikksjef.

Historie

Butikken var kjeden sin 191. butikk då han opna 30. juni 2011. Ved opninga hadde butikken seks tilsette, det var 50 som søkte på jobbane. Butikksjef då var Leif Jørgen Versland. Det var ordførar Bjørn A. Ropstad som klypte snora og slepte inn dei hundre kundene som stod i kø utanfor butikken. Siste kvarteret var Kjell Elvis engasjert for å underhalde dei ventande kundene.

Etter opninga i 2011 har omsetninga i butikken auka kraftig. I 2015 hadde verksemda 15-16 tilsette, og omsette for 30 millionar kroner.

I juni 2015 skjedde det ei større ombygging av butikken innvendig, kostnadsrekna til 1 million kroner. Torsdag 2. juli 2015 var det stor opningsfest for «Nye» Europris.

I mars 2017 blei Europris Evje kåra til Årets Europris-butikk i 2016 i Norge.

Kjelder

Eksterne lenker