Erling Sagneskar
Erling Sagneskar | ||
---|---|---|
På tur i 2012. Foto: Greta Jodal
| ||
Født: | 12. november 1964 (60 år) |
Erling Sagneskar (fødd 12. november 1964) er autorisert kunderådgjevar i Valle Sparebank. Han vaks opp i Oslo og gjekk på Ulsrud videregående skole. Sidan studerte han på Handelshøyskolen BI.
Han er gift med Oddny Bjørgum Sagneskar. Han har engasjert seg litt politisk og stod på Høgrelista i Valle 2007. Men det største engasjementet har han i Valle IL, der han har vore ansvarleg for ski-treninga i mange år. Han er svært glad i friluftsliv og låg sommaren 2009 fleire veker aleine på Valle austhei. Sidan gjekk han på ski over Grønland og i 2013 var han seks veker i Canadas villmark på leiting etter buplassen Helge Ingstad hadde då han overvintra på tundraen, den han fortalde om i boka Pelsjegerliv. Han lukkast til og med i det prosjektet.
Under Sentrumsfrukosten i Valle laurdag 23. juni 2023 blei Erling tildelt Valle kommune sin kulturpris for 2023. Under Valle IL sin 100-års jubileumsfest hausten 2023 blei han utnemnd til æresmedlem i idrettslaget.
Kjelder
- Facebooksida til Erling Sagneskar
- Innlegg om Kulturprisen 2023 på Facebooksida til Valle kommune
- Sigurd Haugsgjerd, – Viktig for bygda i 10 år, artikkel om Valle IL sitt hundreårs-jubileum i Setesdølen nr. 75, 2023, side 6