Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. november 2017 kl. 14:54 av Helland (diskusjon | bidrag) (Fødsels- og dødsdag fra skanna kyrkjebøker hos Digitalarkivet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd
Født: 18. januar 1829
Død: 4. september 1891 (62 år)

Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd (f. 1829, d. 1891) var bonde, gardhandlar og spelemann. Han kom opphaveleg frå garden Frøyrak på vestsida av Byglandsfjorden. I 25-årsalderen gifta han seg med Anne Olsdotter Kallhovd. Dei første åra budde dei på Kjetså i Hornnes. Seinare var dei på Bjorå i Evje. Ei tid budde dei på Longerak og Åkhus i Bygland. Anne arva ein stor gard på Risdal i Mykland, og dei flytta dit. Men Eivind selde den garden for 16.000 daler. Seint i livet fekk han kjøpt tre gardsbruk på Kallhovd i Hornnes, og var her til han døydde i 1891. Kona Anne døydde i 1925.

Eivind var son av Grunde Gunsteinson Frøyrak (d. 1851) og Birgit Danielsdotter Åkhus. Dei fekk fem born. Borna, og mellom dei altså Eivind Grundeson Frøyrak, er rekna som grunnleggjarane av det kjende «Frøyrak-spelet». Det er sagt at Eivind skulle vere den beste spelemannen. I Bygland og Årdal sokn skal han ha kappast med den eldre venen sin Tarkjell Aslakson Austad om å vere «den beste spelemannen i dalen». Om han verkeleg var den framste, stridast dei lærde. Men kona Anne likte ikkje så godt at han spelte så mykje, er det sagt i jubileumsboka til Setesdal Spelemannslag. Han skal då mest ha slutta med spelinga, og gått over til å handle med gardar.

«Stol bare ei gong»

Mor til Anne, Signe Olsdotter, var frå Gunleifjell i Tovdal. Besteforeldra til Anne, på morssida, var rike. Dei skal ha likt svært dårleg at ho ville ha Eivind Frøyrak. Han kom der aust ein kveld og henta henne med hest og slede, heiter det i gards- og ættesoga for Hornnes. Ho fekk såvidt med seg litt av det ho eigde, og rømde med Eivind. I ettertid herma bygdefolket etter Eivind:

SitatEg hev kje stole ko ei gong i mitt liv, men då stol eg godt.Sitat
– Eivind Frøyrak

Kjelder