Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2017 kl. 08:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eivind Grundeson Frøyrak Kallhovd (f. 1829, d. 1891) var bonde og spelemann. Han kom opphaveleg frå garden Frøyrak på vestsida av Byglandsfjorden. I 25-årsalderen gifta han seg med Anne Olsdotter. Dei første åra budde dei på Kjetså i Hornnes. Seinare var dei på Bjorå i Evje. Ei tid budde dei på Longerak og Åkhus i Bygland. Anne arva ein stor gard på Risdal i Mykland, og dei flytta dit. Men Eivind selde den garden for 16.000 daler. Seint i livet fekk han kjøpt tre gardsbruk på Kallhovd i Hornnes, og var her til han døydde i 1891. Kona Anne døydde i 1925.

Eivind var son av Grunde Gunsteinson Frøyrak (d. 1851) og Birgit Danielsdotter Åkhus. Dei fekk fem born. Borna, og mellom dei altså Eivind Grundeson Frøyrak, er rekna som grunnleggjarane av det kjende «Frøyrak-spelet». Det er sagt at Eivind skulle vere den beste spelemannen. I Bygland og Årdal sokn skal han ha kappast med den eldre venen sin Tarkjell Aslakson Austad om å vere «den beste spelemannen i dalen». Men kona Anne likte ikkje så godt at han spelte så mykje, er det sagt i jubileumsboka til Setesdal Spelemannslag. Han skal då mest ha slutta med spelinga, og gått over til å handle med gardar.

Kjelder