Skilnad mellom versjonar av «Eilert Hægeland»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Eksterne lenker: innspelingar)
Line 8: Line 8:


== Liv og virke ==
== Liv og virke ==
I 1975 hadde Eilert Hægeland sin debutkonsert som organist. Frå 1976 var han i tre år lærar ved Nordnorsk musikkonservatorium
I 1975 hadde Eilert Hægeland sin debutkonsert som organist. Frå 1976 var han i tre år lærar ved Nordnorsk musikkonservatorium i Tromsø. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning frå 1977. Denne vart etter to år flytta til Bodø. Det gjorde også Eilert Hægeland, han vart domorganist i Bodø i 1979 og var der til 1986. Deretter flytta han heim til Evje og arbeidde som komponist og musikar. Men i 1993 vart han tilsett som rektor ved Åmli musikk- og kulturskule. Den stillinga hadde han til 2002, sjølv om han vart utsett for ei alvorleg akeulukke i 1994 og var mindre aktiv ei tid. Men han kom seg og var i tillegg til jobben i Åmli også organist i Bygland.<ref>[https://www.nrk.no/kultur/gull-verdt-for-folkemusikken-1.860544 Gull verdt for folkemusikken] fra [[NRK]] (17.2.04)</ref>


Frå 1976 til 1979 arbeidde han ved Nordnorsk Musikkonservatorium i Tromsø. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning frå 1977. Denne vart etter to år flytta til Bodø. Det gjorde også Eilert Hægeland, han vart domorganist i Bodø i 1979 og var der til 1986. Deretter flytta han heim til Evje og arbeidde som komponist og musikar. Men i 1993 vart han tilsett som rektor ved Åmli musikk- og kulturskule. Den stillinga hadde han til 2002, sjølv om han vart utsett for ei alvorleg akeulukke i 1994 og var mindre aktiv ei tid. Men han kom seg og var i tillegg til jobben i Åmli også organist i Bygland.<ref>[http://www.nrk.no/musikk/3532924.html Gull verdt for folkemusikken] fra [[NRK]] (17.2.04)</ref>
Som svært interessert i lokalhistorie var Eilert Hægeland med og skipa [[Evje og Hornnes sogelag]] i 1986 saman med [[Olav Arne Kleveland]], og var òg den første leiaren av laget.
 
Som svært interessert i lokalhistorie var Eilert Hægeland med og skipa [[Evje og Hornnes sogelag]] i 1986 saman med [[Olav Arne Kleveland]], og var òg den første leiaren av laget.  


== Komponist ==
== Komponist ==

Versjonen frå 15. november 2022 kl. 00:40

Eilert Hægeland
Eilert Hægeland.jpeg
Født: 22. september 1951
Død: 13. februar 2004 (52 år)

Eilert Magnus Hægeland (fødd 22. september 1951 i Arendal, død 13. februar 2004)[1] var ein komponist og organist frå Flatebygd i Evje.

Barndom og oppvekst

Han vaks opp på Evje og vart tidleg interessert i musikk, ikkje minst ved å sjå organisten i kyrkja i arbeid med både hender og føter. Han arva eit harmonium frå besteforeldrene sine i Saltdal og fekk alt frå 8-årsalderen undervisning av lærar Reidun Høgetveit. Frå han var 10 år begynte han å reise til Kristiansand for å ha timar hos dåværande domorganist Bjarne Sløgedal.

Etter først å ha gått på Hornnes landsgymnas tok Eilert Hægeland artium på latinlinja på Kristiansand katedralskole. Sidan vart det musikkstudier på Musikkonservatoriet i Oslo - Norges Musikkhøgksole. Alt medan han gjekk på gymnaset, fungerte han organist i Valle kyrkje. Då tok han bussen til Valle, overnatta der, spelte til gudstenesta og tok bussen tilbake til Evje.

Liv og virke

I 1975 hadde Eilert Hægeland sin debutkonsert som organist. Frå 1976 var han i tre år lærar ved Nordnorsk musikkonservatorium i Tromsø. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning frå 1977. Denne vart etter to år flytta til Bodø. Det gjorde også Eilert Hægeland, han vart domorganist i Bodø i 1979 og var der til 1986. Deretter flytta han heim til Evje og arbeidde som komponist og musikar. Men i 1993 vart han tilsett som rektor ved Åmli musikk- og kulturskule. Den stillinga hadde han til 2002, sjølv om han vart utsett for ei alvorleg akeulukke i 1994 og var mindre aktiv ei tid. Men han kom seg og var i tillegg til jobben i Åmli også organist i Bygland.[2]

Som svært interessert i lokalhistorie var Eilert Hægeland med og skipa Evje og Hornnes sogelag i 1986 saman med Olav Arne Kleveland, og var òg den første leiaren av laget.

Komponist

Eilert Hægeland komponerte verk for kor, kammermusikk og for orkester. Han skreiv og fleire bryllupsmarsjar, dei fleste med ei neoklassisk uttrykksform, men også sterkt påverka av folkemusikk.

Diskografi

Heder

  • Aust-Agder fylkes kulturpris i 1973.

Referanser

  1. musikerside hos Norsk Musikkinformasjon
  2. Gull verdt for folkemusikken fra NRK (17.2.04)

Eksterne lenker