Eikerapen Gjestegard

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. november 2018 kl. 08:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av hotellet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikerapen Gjestegard 13. mai 2017.
Eikerapen Gjestegard 9. november 2018.

Eikerapen Gjestegard er eit nytt hotell som opna i Eikerapen i Åseral 10. juni 2017. Hotellet har 29 gjesterom, restaurant, bar, møtesalar, kurs- og konferanserom og storkjøkken. Byggherre var Elling T. Eikerapen. Sandra Hodne Lindefjeld er dagleg leiar. Stein Erik Hansen er kokk i 100 % stilling.

Byggekostnadane var anslått til rundt 35 millionar kroner. Røyrleggararbeidet blei utført av Rørlegger Hagen (Åseral) og Try Rør. Ventilasjonsanlegget vart levert og montert av ERV Teknikk (Lyngdal), Fargerike Evje leverte maling og tapet, Odde Sagbruk (Evje) leverte byggevarer og elektroarbeidet blei utført av Elektro Experten (Kristiansand).

Kjelder

Eksterne lenker