Djupedalsmuren

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. oktober 2019 kl. 00:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Djupedalsmuren er eit imponerande byggverk når ein tenker på at han er bygd rundt 1842.
Den gamle postvegen.
Foto: Geir Daasvatn

Djupedalsmuren er ein svær mur som vegbyggjarane måtte sette opp for å passere Djupedal ved Lauvdalpostvegen oppover i Setesdal vart bygd først i 1840-åra. Etter å ha ført vegen opp den bratte Fånekleiva kom han ned att på Lauvdal-sida. Her vart det altså bygd opp ein høg mur for å få vegen forbi den bratte fjellsida. Muren er opptil 7 meter høg på utsida, og 1,7 meter inn mot fjellet. Det er gjort godt handtverk både når det gjeld kiling av steinane og sjølve muringa. For å sikre mot issprenging, nytta ein knust stein i fyllmassen. Dette sikra god gjennomstrøyming av overflatevatn. På vegkanten ut mot Byglandsfjorden ligg det store, fine stabbesteinar som sikring.

Delar av muren skal ha rasa ut fleire gonger, seinast rundt år 1900. Muren må ha blitt sett i stand igjen før 1909, då den første automobilen køyrde over Fånekleiva.

Kjelder

  • Statens vegvesen sin informasjonsplakat ved muren