De 10 søsken Kolbjørnsrud

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

De 10 søsken Kolbjørnsrud var ei musikkgruppe frå Heddal. Dei høyrde til ei svært musikalsk slekt med mange spelemenn, men etterkvart som spelemennstradisjonen i Kolbjørnsrud-slekta stilna av, fekk dei musikalske genene utløp gjønnom kristen sang og musikk. Frå 1950-60 talet og framover til utpå 1990-talet ga De 10 søsken Kolbjørnsrud ut fleire 78-plater, LP-ar og kassettar enn noko anna kristen sanggruppe eller sangkor i landet.

Sommaren 1979 kom NRK TV og gjorde opptak med søskenflokken i Heddal. Programmet blei sendt utpå hausten same år, og blei ein stor suksess. Det blei slik etterspørsel at NRK måtte sende programmet i reprise i mars året etter. Programmet kan ein finne på DVD.

I Tysdagssending i Valle Radio 20160531 var sangtimen basert på ei av platene deira.

Kjelder