David Stubseid

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
David Stubseid
Norske skolefolk 1934, s 1177 - David Stubseid.JPG
David Stubseid
Kjelde: Nasjonalbiblioteket: Norske skolefolk, 1934.
Født: 11. juli 1904
Død: 25. desember 1986 (82 år)
Kona Solveig f. Hagen (1905–1986)
Kjelde: Nasjonalbiblioteket: Norske skolefolk, 1934.

David Stubseid var det femte barnet til Bendik Stubseid og kona Mari Olavsdotter Hegland. Han vart fødd på Nordre Austad i Bygland. Utdanninga starta med eksamen frå jordbruksskulen i Bygland i 1923, føre han gjorde som far og sin reiste ut og utdanna seg til lærar. David såg mykje av Noreg, han fekk lærareksamen ved Tromsø lærerskole i 1927, og arbeidde dei neste 20 åra i Karasjok, der han og var yverformyndar, heradsrevisor, og varaordførar ei tid under krigen. Han vidareutdanna seg på Notodden, var lærar på Glåmos og slo seg til slutt ned i Fredrikstad. På lærerskolen i Tromsø traff han Solveig Hagen frå Annajord i Karasjok (1905–1986), ho vart kona hans og saman fekk dei fire døtrer. Som David var Solveig barn av ein kyrkjesongar og lærar frå Sogn og Fjordane og eitt av ti born.

Krigsår i Finnmark

Under eit møte i Finnmark fylkeskommune i 1941 var han ein av representantane som avviste ein møteprotokoll, av di det ikkje hadde vorte protokollførd kvifor dei i det førre møtet hadde gått imot løyving av pengar til Den norske legion og eit helsingstelegram til Quisling. Han møtte ikkje for Karasjok i 1942[1]. Ved sidan av arbeidet var han under krigen mellom anna òg leiar av skulestyret, av Lærersambandet og Nasjonal Samling i Karasjok. Han leia jordstyret, var revisor i heradet og dessutan leiar for Karasjok tuberkuloseforening[2].

Ei gruppe på 400 partisanar frå Serbia var i ein tysk leir for deporterte i Karasjok frå september til desember 1942. Dei var politiske fangar, og ikkje rekna som krigsfangar. Dermed vart dei ikkje registrera av Raude Krossen. Ein av fangane, serbaren Cveja Jovanović, nemner lærarparet som tvo av dei gode nordmenn som våga mykje for å hjelpa fangane[3] i tvo bøker han har skrive. I boka Blodveien til nordpartisanavdelingen gjev han att kva Raća fra Kragujevac sa:

«— Vår arbeidsgruppe arbeider et sted i nærheten av skole. Et par yngre mennesker, jeg tror det var lærer-ekteparet, hjeper oss hver dag. Hun heter Solveig og... Hver dag legger de fra seg noe til oss et eller annet sted, eller jeg selv går der, i det skjulte, og får alltid noe. Ja, takket være en god vokter.»[4]

Jovanović og andre av partisanane gløymde aldri Solveig og David, men det tok mest 40 år føre dei fann kvarandre att. I 1981 kom han og kona på vitjing til David og Solveig i Fredrikstad, etter at dei hadde leita etter kvarandre i mange år. Alt Jovanović hugsa var namnet Solveig, og at ho og mannen var lærarar i Karasjok. Til slutt fekk dei hjelp av skulesjef Arvid Olsen frå Dokka som fann ei liste over lærarar i Finnmark, og der fann Cveja Jovanović namna deira. Dei nytta mellom anna tida til å minnest krigstida, og David fortalde mellom anna at «– Vi var meget utspekulerte [...] vi [kunne] fylle bøttene som ble benyttet til å heise vann fra brønnen i, med brød og tørrfisk som «serbo-fangene» ganske elegant skjulte ned i strømper under buksene.»[5]

I gratulasjonen då han fylde 60 år er fortald at han og familien rymde til Sverige då nazistane brende og herja Finnmark, og blei der til freden kom.[6]

Etter krigen

Etter krigen, i februar-mars 1946 flytta han til Valjok og starta opp skulen att. Kapellet var skulestoge, medan David sjølv budde i sakristiet fram til han i 1947 fekk eit rom på fjellstoga[7].

I 1947 drog han frå Finnmark til Telemark der han vidareutdanna seg ved Statens sløyd- og tegnelærerskole på Notodden[8], og deretter arbeidde han eit års tid som sløydlærar på framhaldsskulen på Glåmos i Røros[9]. I 1948 og '49 utdanna han seg innan metallsløyd og sløyd ved Naas og Askov, og til sist handelsskuleeksamen ved Fredrikstad handelsskole i 1955.[10]

Frå 1948 budde han og Solveig i Daniel Leegårdsgate i Fredrikstad og dei underviste i byrjinga på kvar sine skular – han på Trara folkeskole og ho på Lahellemoen. I 1956 byte han til Lahellemoen skule.

Då samordningsnemnda for skoleverket hausten 1948 ga si Tilråding om samiske skole og opplysningsspørsmål sende David eit brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet. I dette argumenterar han mot at det igjen skal undervisast på samisk i skulen. Det er tydeleg at han meiner det beste er fornorsking, og at samisk vil vere til hinder for elevar som søkjer vidare utdanning:

«...Skal nå samisk bli innført i skolen i språkblanda distrikt, vil samene der bli utestengt fra den videre skoleutdannelse de norske skolene kan gi ungdommen, samene vil med andre ord, bli utestengt fra samfundet. [...] Samisk er et språk som brukes i dagligtalen bare av en liten del av landets befolkning. [...] Samisk er et interessant språk på mange måter, og det kunne sikkert ha sin interesse å bevare det på folkemunnen. Men det lar seg ikke gjøre, samisk er for lenge siden dømt til undergang...»[11]

I Fredrikstad var han aktiv innan Sørlandslaget, til dømes vart han vald til nestleiar i 1959 og kåsera om Albert Engström og visa teikningane hans i 1964.

A.F. fortalde dette om David i gratulasjonen då han fylde 60 år i 1964:

«...Lærer Stubseid er alltid villig til å gi en hjelpende hånd, er en utpreget ordensmann, elskverdig og med en lun og behagelig fremtreden...»[12]

Familien

David Stubseid var det femte barnet til gardbrukar og sjølveigar Bendik og kona Mari Olavsdotter på Nordre Austad i Bygland. Han vigde ein gong, med Solveig Hagen frå Annajord i Karasjok, og dei fekk fire jenter. David og Solveig Stubseid er gravlagde på Leie gravlund i Fredrikstad.

Folketeljinga for Bygland herred i 1910 syner at han var busett på Nordre Austad (Gnr. 13, bnr. 2 og 3) som far hans åtte, og at han hadde fem brødre og ei syster. Solveig, som var fødd 24. september 1905, budde då på Annajord i Karasjok med foreldra og to yngre syskjen. I 1922 var dei ti syskjen, sju jenter og tre gutar[13].

Fotnoter

  1. Bottolfsen, Øystein (1990), s. 313.
  2. Skuvla.info: David Stubseid.
  3. Jovanović, Cveja (1985): s. 29.
  4. Jovanović, Cveja (1988): s. 34.
  5. Kongsberg, Freddy (1981): s. 21.
  6. «Vi gratulerer»
  7. Skolestyret i Karasjok (1961), s. 6.
  8. Norske skulefolk 2, s. 1216.
  9. Sakrisvoll, Anders (2012).
  10. «Vi gratulerer»
  11. Skuvla.info: David Stubseid.
  12. «Vi gratulerer»
  13. Inges slektsside.

Kjelder

Primærkjelder

Folketeljingar på Digitalarkivet.no
Kyrkjebøker på Digitalarkivet.no

Sekundærkjelder