Danskeleiren

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Danskeleiren var ei brakke på Byglandsfjord. Bygget vart sett opp under 2. verdenskrig og nytta til islager for is som blei skore på Vassendkilen. Det var også brukt som fruktlager. Når det var sortering av epler om hausten, blei dei utsorterte eplene sette ut på trappa utanfor slik at ungane på Byglandsfjord kunne forsyne seg av dei.

Danskeleiren vart nytta som leirstad for danske skuleborn truleg fram til om lag 1970. Folk på Byglandsfjord hadde som oppgåve å gå saman med borna til Årdalsknapen.

I 1980 var det rive.

Kjelder