Bykle Vindu

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 02:53 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygget til Bykle Vindu i 2011.
Foto: Siri Johannessen
Fil:Bykle Vindu 120117.jpg
Bykle Vindu sin fabrikk i Bykle kyrkjebygd.

Bykle Vindu AS vart etablert i 1984. Frå 1997 var selskapet eigd av Bykle Industri AS. I 2019 er det to aksjonærar: Bykle Industri (85 %) og Skjeberg Eiendom (15 %). I 2012 fusjonerte Bykle Vindu med Grindland Trevarefabrikk i Finsland. Produksjonen vart då flytta til Bykle kyrkjebygd, medan salgskontoret ligg i Songdalen. Etter fusjonen hadde Bykle Vindu 30 tilsette, medrekna fem i administrasjonen. I dag (2020) er det om lag 50 tilsette. Svært mange av dei kjem frå andre land. Ni nasjonalitetar er repåresentert (2020).

Kjell Ole Homme er dagleg leiar. Daniel Homme er produksjonssjef.

Selskapet har hatt stor suksess med Isokitt-vinduet, som dei utvikla sjølv og lanserte i 2008. Det står for 80 prosent av produksjonen og har gjeve fleire store kontraktar. Fusjonen gav ein sterk vekst i inntektene, frå 2011 til 2012 auka omsetninga frå 23,2 mill. til 44,1. I 2017 var omsetninga kring 52 mill. I 2018 var det ein svikt i omsetninga på om lag 10 mill. Utsiktane er ljosare for 2019, med ei ordrereserve ved årsskiftet på rundt 8,5 mill.

Kjelder

Eksterne lenker