Bygland kommune
Bygland er ein kommune og ei bygd i Setesdal. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust ligg Fyresdal og Åmli, i sør Froland og Evje og Hornnes, og i vest Åseral, Kvinesdal og Sirdal i Vest-Agder. Bygland har hatt dei same grensene heile tida sidan det kommunale sjølvstyret blei innført i 1837, med eit lite unntak for at garden Søndre Vassend blei overført frå Evje kommune til Bygland i 1855.[1]
Grendene
Bygland kyrkjebygd er kommunen sitt administrasjonssenter med kommunehus, skular, idrettshall og politi, og ligg ved riksveg 9 aust for Byglandsfjorden. Andre grender utanom Bygland sentrum er Byglandsfjord, Grendi, Longerak, Lauvdal, Jordalsbø, Skomedal, Frøysnes, Ose, Tveit, Hegland, Austad, Sordal, Sandnes og Åraksbø.
Bygland er den nest største i Aust-Agder i utstrekning. Kommunen har 9,18 km² jordbruksareal og 474,63 km² skog. Skoggrensa går på 650 til 700 moh. Ca 80 % av kommunen sitt totale areal er fjell, myr, vann, beite og uproduktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda er ved Byglandsfjorden og Otra på ca. 200 moh. Det høgaste punktet er Reinshornheii på 1 162 m.[2]
Politikk
Bygland kommune ønskjer å:
- Leggje tilhøva særskilt tilrette for utvikling av eksisterande og nye arbeidsplassar som er attraktive for yngre arbeidstakarar
- Utvikle bustadpolitikken slik at det lokale tilbodet om bustad gjer det attraktivt for ungdom og familiar å etablere seg
- Skape attraktive miljø i kommunen ved å fremje ei berekraftig utvikling, og eit teneste- og servicetilbod som har særskilt merksemd på dei unge sine behov.
Folketal og busetting, areal
Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø. I år 2000 var det 1351 innbyggarar i kommunen. I nasjonale prognoser er det venta at ca. 230 av kommunane i landet vil få nedgang i folketalet frå årtusenskiftet. Sett i eit lengre perspektiv har det vore nedgang i folketalet i Bygland i fleire generasjonar. Pr. 1. januar 2021 var det 1142 innbyggarar i Bygland.[3]. Pr. 4. kvartal 2023 var folketalet auka til 1180.[4]
Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har mellom anna ført til at Bygland har hatt fleire arbeidsplassar enn ein «brukar sjølv» på store delar av 1990-talet. Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje og Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.
I perioden 1985-2000 er det bygd 87 nye bustadhus i Bygland, fordelt med 15 hus spreidd busetnad og 72 i tettbygde strøk (byggefelt). Dei største byggefelta ligg i Bygland sentrum og på Byglandsfjord.
Innbyggartal etter grunnkrins 1999–2012
Grunnkrins | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Byglandsfjord | 396 | 390 | 375 | 376 | 372 | 367 | 374 | 392 | 389 | 382 | 387 | 401 | 406 | 402 |
Grendi | 147 | 179 | 186 | 154 | 161 | 163 | 145 | 135 | 133 | 134 | 127 | 132 | 124 | 126 |
Årdal Vestside | 15 | 14 | 17 | 18 | 14 | 16 | 21 | 24 | 19 | 13 | 11 | 10 | 12 | 11 |
Longerak | 55 | 51 | 50 | 51 | 50 | 45 | 45 | 43 | 41 | 42 | 42 | 41 | 41 | 42 |
Lauvdal | 33 | 39 | 41 | 41 | 40 | 38 | 37 | 31 | 32 | 32 | 30 | 34 | 32 | 31 |
Bygland | 274 | 287 | 289 | 296 | 281 | 312 | 319 | 306 | 294 | 282 | 265 | 256 | 272 | 273 |
Bygland Vestside | 1 | 1 | 1 | 1 | 1 | 1 | - | - | - | - | - | - | - | - |
Jordalsbø/Lide | 93 | 98 | 91 | 88 | 101 | 91 | 93 | 89 | 87 | 86 | 85 | 86 | 89 | 86 |
Skomedal | 23 | 24 | 24 | 26 | 22 | 24 | 25 | 26 | 24 | 23 | 24 | 23 | 22 | 21 |
Frøysnes | 13 | 13 | 12 | 12 | 13 | 12 | 15 | 14 | 12 | 13 | 16 | 16 | 17 | 16 |
Sandnes/Åraksbø | 92 | 87 | 89 | 88 | 89 | 93 | 91 | 86 | 87 | 82 | 84 | 80 | 82 | 81 |
Austad Austside | 82 | 80 | 78 | 74 | 69 | 71 | 83 | 81 | 85 | 83 | 80 | 75 | 78 | 74 |
Ose/Moi | 34 | 32 | 32 | 29 | 30 | 28 | 27 | 27 | 26 | 25 | 21 | 22 | 21 | 20 |
Langeid/Heggland/Tveit | 39 | 39 | 39 | 41 | 40 | 43 | 40 | 39 | 38 | 40 | 43 | 37 | 36 | 29 |
Årdal Vesthei | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Bygland Vesthei | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Skomedalsheia | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Frøysnesheia | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Ose/Moiheia | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 4 | 4 | 2 | 2 |
Langeid/Heggland/Tveitheiene | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 1 | 1 | 1 | 1 |
Kvinaheiene | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Austad Austhei | 1 | 1 | 1 | 1 | 1 | 2 | 2 | 3 | 3 | 3 | 5 | 5 | - | - |
Sandnes Austhei | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Bygland Austhei | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Årdal Austhei | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - |
Grunnkrins ikkje oppgjeve | - | 16 | 16 | 18 | 12 | 12 | 10 | - | 2 | 2 | - | - | 4 | 4 |
Samla for Bygland per år | 1298 | 1351 | 1341 | 1314 | 1296 | 1318 | 1327 | 1296 | 1272 | 1242 | 1225 | 1223 | 1239 | 1219 |
Areal
Areal nytta til: | 2011 (km²) |
---|---|
Bustader | 0,54 |
Fritidsbustader | 0,66 |
Bebygd område for landbruk og fiske | 0,78 |
Næring, offentleg og privat tjenesteyting | 0,47 |
Undervisning og barnehage | 0,03 |
Helse- og sosialinstitusjonar | 0,03 |
Kultur og religiøse aktivitetar | 0,04 |
Transport, telekommunikasjon og teknisk infrastruktur | 4,16 |
Grøne områder, idretts- og sportsområder | 0,03 |
Ikkje klassifisert bebyggelse og anlegg | 0,12 |
Jordbruk | 9,18 |
Skog | 474,63 |
Open fastmark | 579,97 |
Våtmark | 49,53 |
Bart fjell, grus- og blokkmark | 26,13 |
Ferskvatn | 165,36 |
Totalt | 1311,66 |
Sentrumsutvikling
Kommunen satsar sterkt på ny utvikling i Bygland sentrum, med blant anna tilrettelegging for IT-miljø i moderne lokale med framført breidband datanett. I sentrum blir det satsa på trivselstiltak, og mellom anna er det opna ein ny ungdomsklubb med data-, multimedia- og musikkutstyr.
Næringsliv
Den største private bedrifta er Byglandsfjord Sag. Det er fleire verksemder innan varehandel/hotell, med det kjende Revsnes Hotell på Byglandsfjord som det største. I dei største private verksemdene arbeider tilsaman ca. 200 peronar (heil & deltid). Den største einskildverksemda er Bygland kommune, med sysselsettingseffekt på ca. 135 årsverk. I landbruket er det ca 90 årsverk.
Den siste 10-års perioden har næringslivet generelt vore prega av sterk omstilling. Ei særskilt satsing i sentrum er prosjektet "Bygland næringsbed", som er eit forsøk på å legge til rette for IKT-basert næringsutvikling på ein måte som høver for lokalsamfunnet. Kommunen satsar vidare på kompetanseheving og omstilling av det eksisterande næringslivet. Dette skjer via det regionale samarbeidet i Setesdal Regionråd/Setesdal Næringsfond.
I kommunen er det eit stort potensiale for utleige av jakt & fiske. Byglandsfjorden er eit sentralt satsingsområde. Fiske og reiselivsaktivitetar bli utvikla; - foredling / røyking av fisk, overnatting i hytter med meir. Det er ei aktiv jeger- & fiskeforening som disponerer jaktterreng m/hytte for utleige. Fiskekort kan kjøpast i forretningar rundt om i kommunen.
Sommaren 2023 blei kommunen innvilga omstillingsstatus av Kommunal- og regionaldepartementet. Bakgrunnen var at Bygland kommune i lang tid hatt store utfordringar når det gjeld næringsutvikling, arbeidsplassar og befolkningsutvikling. Næringslivet i kommunen har forvitra over mange år, og kommunen har i dag landets lågaste andel av private arbeidsplassar målt etter talet på sysselsette i kommunen. Nedgangen i talet på arbeidsplassar har vore stor i både offentleg og privat sektor. Historisk starta nedgangen i arbeidsplassar i samband med at Landeskogen HVPU, som var den desidert største arbeidsplassen til kommunen, byrja ei gradvis nedtrapping av aktivitetsnivået som følgje av HVPU-reforma i 1991. Også etter Landeskogen vart lagt ned har det vore ein vesentleg reduksjon i talet på arbeidsplassar i kommunen. Frå 2001 til 2021 har talet på arbeidsplassar blitt redusert med 38,5 %, som er tredje dårlegast i landet.[5]
Kultur og fritid
Borna i Bygland har mange tilbod på fritida, og det frivillige organisasjonslivet er aktivt. Den nye ungdomsklubben er kveldsopen onsdag og fredag, og samlar 30-50 undomar kvar gong. Bygland samarbeider med Evje & Hornnes kommune om kulturskule.
I kommunesenteret er det lagt ned mykje midlar på friområdet på Tangen. Her er flott badestrand midt i sentrum. Dette området gjev stor trivsel og godt bumiljø i Byglandsbygda. Det er cafè & pub like ved friområdet. Her har også turistinformasjonen vore sidan 2023. På Nesmoen nær sentrum er badeplassen Gullsand, med Setesdal Hotel som næraste nabo.
På Byglandsfjord er badeplassen Vassendkilen, regulert som friområde. I Grendi er fine strender for bading. Andre viktige område er Sines, Dalebukta, Rakkenes og Reiårsfossen/Osefita.
Typiske turmål i kommunen er mellom anna Årdalsknapen, Tjuvhola, Fånefjell og Geiteryggen. For heieområda fins turkart med innteikna merka løyper. På vinterstid er en del av løypenettet oppkøyrt for skigåing, og det er fleire lysløyper i kommunen. Om sommaren er det mange fine plassar å reise til med båt på Byglandsfjorden. Frå Byglandsfjord til Ose er det ca. 4 mil med fint farvatn som høver for tur med fritidsbåt.
Geografi og natur
Med eit areal på 1330,7 km² er Bygland den nest største kommunen i Aust-Agder fylke når det gjeld flatevidde. Busetnaden ligg i dalsona over ei strekning på omlag 6 mil frå grensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til grensa mot Valle kommune i nord.
Dei lågaste områda i kommunen (ca. 200 moh.) ligg ved Byglandsfjorden og Otra, og det høgaste punktet er Reinshornheii (1162 moh.). Største delane av kommunen ligg over 700 moh. Alle vassdrag i kommunen har avlaup mot sør, og dei største er Otra-, Tovdals-, Kvina-, Mons- og Lognavassdraget. Dei to siste har sitt utspring i kommunen og er varig verna. I kommunen er det ca. 250 000 da. produktivt skogareal og ca. 7500 da. jordbruksareal. Skoggrensa ligg frå 650 til 700 moh. Anna areal (fjell, myr, vatn, beite og uproduktiv skog) utgjer omlag 80 % av totalarealet.
Kommunen har eit godt innlandsklima. Heiane skjermar dalsona slik at busetnaden er lite plaga med vind. Vinterklimaet er relativt mildt med snø i rimelege mengder, og sommaren er ofte varm i lange periodar. Byglandsfjorden virkar stabiliserande og varmeregulerande på klimaet i dalsona. Skilet mellom vestlands - og austlandsklima går gjennom kommunen. Det har vore klimamålingar på Byglandsfjord attende til år 1907, og på Austad i perioden 1897-1926. Desse gamle målingane viste m.a. at ingen andre målestasjonar i landsdelen har lågare registreringar av tåke.
Geologi / gullfunn
Storparten av grunnen er grunnfjell. Gneis og granitt er dei mest vanlege. Einskilde sprekksoner har gjeve grunnlag for gruvedrift av t.d. kopar. Geologien er lite undersøkt. I 2001 fekk ein greie på at det er registrert gull i fjellet fleire stader i kommunen. I området ved den gamle Hamregruva, ved Rysefossen på andre sida av fjorden ved Bygland sentrum, er det analysert malmprøver som syner at det kan vere nok gull til at det er drivverdige funn.
Offentleg & privat service
Kommunen er stor i areal, og reiseavstanden er over 6 mil frå nord til sør. Innbyggarane har såleis prioritert å få fordela ein del servicefunksjonar også utanom sentrum.
I kommunen er det barneskular på Byglandsfjord og på Bygland, der det også er ungdomsskule. Kommunen satsar på eit godt skule- og skulefritidstilbod, og alle som ønskjer eller treng barnehageplass skal kunne få tilbod om det. Barnehagetilbodet er desentralisert i kommunen.
I tettstaden Byglandsfjord ligg dei fleste største verksemdene, og her finst alle dei mest vanlege servicefunksjonane for innbyggarane i søndre del av kommunen. Her er også avstanden kort til regionsenteret Evje med omsyn til handel.
Ose er sentrum for nordre del av kommunen, og her finst butikk, posttenester, og diverse småverksemder m.a. cafè, brukskunst og sølvsmed.
Kommunesenteret Bygland er ikkje stort, men effektivt. Det er god plass til å parkere, og innan gangavstand kan ein finne dei mest brukte private & offentlege servicefunksjonar:
- bank & forsikringstenester
- butikker: Joker Bygland & post, Haugå landhandel
- spisesteder: Bryggja og Tappen
- Bygland frivilligsentral
- lege- og helsesenter / sosialkontor / pleie- og omsorgstenesta (Byglandsheimen)
- soknepresten / kyrkja
- bibliotek / kultur
- politi / lensmann / andre statlege og kommunale kontor
- avis: Setesdølen sitt kontor
- Glashytta
- Båtutstyrbutikken
Val i 2015
- AP-lista i Bygland 2015
- SP-lista i Bygland 2015
- Bygland Bygdeliste 2015
- Høgre/Venstre-lista i Bygland 2015
Val i 2011
- AP-lista i Bygland 2011
- Bygland Bygdeliste 2011
- Fellesliste for Høgre og Venstre i Bygland 2011
- SP-lista i Bygland 2011
Kjende personar frå Bygland
- Osmund Faremo, stortingsrepresentant
- Grete Faremo, statsråd, stortingsrepresentant
- Leiv Rygg, ordførar
- Tarkjell Aslakson Austad, spelemann
- Lars Knutson Liestøl, statsråd, stortingsmann, ordførar, lensmann
- Eivind Torkjelson Lande, bonde og eidsvollmann
Eksterne lenker
- Artikkelen om Bygland på Wikipedia (bokmål), besøkt 19. november 2016
- Artikkelen om Bygland i Store Norske Leksikon
- Heimesida til Bygland kommune
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 7
- ↑ Artikkelen om Bygland i Store Norske Leksikon
- ↑ Statistisk Sentralbyrå, kommunefakta Bygland, pr. 2. kvartal 2018
- ↑ Kommunefakta for Bygland hos Statistisk Sentralbyrå
- ↑ Saksframlegg i sak om omstillingsstatus til kommunestyremøte 21. september 2023