Bygland Bygdekvinnelag/aktivitetar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen om Bygland Bygdekvinnelag

Hausten 2012

Om ikkje anna blir annonsert, byrjar møta klokka 19.

2013:

Andre aktivitetar

Våren 2012

Om ikkje anna blir annonsert, byrjar møta klokka 19.

  • 30. januar: Fotografen Marit Simonstad Kvåle viser oss bileta sine. Utlodning av alle jolegåvene vi ikkje likte. Ta med ein liten ting. Musikkrommet på Bygland skule.
  • 27. februar: Kick-off! Bygland Bygdekvinnelag er 75 år i 2014. Siri Skreland fortel om laget si historie og korleis møta var før. Setesdalswiki og litt om å samla inn laget sin historie med Siri Johannessen. Møtestad er grendehuset i Grendi.
  • 26. mars: Med gull i veggane, forfatteren av boka, Torild Ankersdatter Fossnes vil fortelje om korleis klesrestar funne i veggen i eit hus i Åmli blei til flotte drakter. Møtet er på Byglandsfjord bibliotek.
  • 28. aprillaurdag!: Vi reiser til keramikkverkstaden til Anne Høykoll Attestog i Jordalsbø der vi sjølve får prøve å lage ei skål og dekorere med leirfarge. Påmelding innan 21. april til styret. Ta med plastkjevle om du har. Dette blir gøy!
  • 26. mai: Tur til Randesund planteskole. Tida er perfekt for å hente heim somarblomar frå planteskulen. Omvising er mogleg. Meir informasjon kjem!
  • 24. juni: Fånekleivsmarsjen: Inviter familie og vener på besøk denne helga så set vi deltakar-rekord i år!
  • 14.16. august: NaturlegvisEvjemoen – Vi stiller opp med kaker og arbeidskraft.
  • 27. august: Det fyrste haustmøtet tek oss ut på fjorden! Vi reiser i båt til Solveig Tveitå si hytte på vestsida. Viss det regnar, køyrer vi. Meir informasjon kjem!
Andre aktivitetar
  • September: Laget pynta Bygland kyrkje til «Hausttakkefesten»
  • Desember: Skulekjøkkenet på Bygland: Baking av småkaker til jol saman med damer frå asylmottaket.

Hausten 2011

Om ikkje anna blir annonsert, byrja møta klokka 19.

2010–2011

I 2011 fekk BBK 2 nye medlemmer medan 9 melde seg ut, og ved årsmøtet hadde laget 35 medlemmer. Det vart halde 7 styremøter, 6 medlemsmøter og 2 møter saman med andre foreiningar og lag, og på medlemsmøtene deltok i snitt 15 medlemmer.[1]

Samlingar saman med andre foreiningar og lag
Andre aktivitetar
  • September: Laget pynta Bygland kyrkje til «Hausttakkefesten»
  • Desember: Skulekjøkkenet på Bygland: Baking av småkaker til jol saman med damer frå asylmottaket.
  • 26. mars 2011: Fylkesårsmøte i Moland. Fatima Aakhus og Johanne Risa møtte som medlemmar av fylkesstyret, og Berit Grøntoft og Sigrid Lislevand deltok frå laget.
  • 17. mai 2011: Nokre medlemmar dramatiserte «Jenta som lærte kongen å spise havregrøt» av Alf Prøysen under folkefesten på Bygland.

Referansar

  1. Bygland Bygdekvinnelag si årsmelding for 2011.