Brottveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2018 kl. 22:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brottveit 20. juli 2017.
Brottveit 14. april 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Brottveit er ein gard (gnr. 52) i Valle. Han ligg ovafor Tveiti oppe i dalsida aust for Otra, noko før ein kjem til sentrum i Valle sørfrå. Harstad og Åkre er nabogardar i vest og nord. Høgda over havet er rundt 440-450 meter.

Siste del av fylkesvegen opp til Brottveit stod ikkje ferdig før i 1965. Før den tid hadde garden bilveg frå andre kanten, frå Rike. Frå Brottveit går det veg vidare innover til Stavedalen.

Historie

Garden må vere tolleg gamal, men nok ikkje mellom dei eldste i bygda, heiter det i Gards- og ættesoga for Valle. Sigrid Bø har tidfesta han til noko før år 1000.[1]

På første halvdel av 1670-åra gjekk det eit ras over garden. Skadene på jorda var store, og skulda blei sett ned frå fem til fire huder.

Slåttane var viktige før i tida. Slåttane til Brottveit låg i Stavedalen, på Midtfjøddi og i Finndalen. I Stavedalen heldt slåtten fram til rundt 1957-1958. I Finndalen var det slutt omlag 25 år tidlegare. «Støylane var Stuvestøyl og Øvre Ingeling i Stavedalen, Vøylestøyl på Midtfjøddi og Flossli og Iveroet i Finndalen.»[2] I Gryte var det kvernhus. Rett etter 2. verdskrigen var det slutt på malinga her.

Litteratur

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 308
  2. Valle III, side 313

Kart

Laster kart...