Brotteli

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. januar 2023 kl. 12:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brotteli.
Foto: Folke Nesland/Heimar og folk i Bykle/Lokalhistoriewiki
Brotteli, truleg om lag 1903–1910. Foto: August Abrahamson - [https://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no CC BY-NC-ND 4.0

]

Brotteli er ein gard (gnr. 7) i Botnen ved vestre enden av Botsvatn i Bykle. Garden er ein del av statseigedomen Njardarheim.

Historie

Mykje tyder på at Brotteli var busett i høgmellomalderen. Så har garden truleg blitt avfolka under Svartedauden, og blei ståande tom fram til byrjinga av 1600-talet.

Handelsmannen Søren Lund i Valle kjøpte eigedomen i 1903. Frå 1903 til 1907 bruka Knut Ånundson Skarberg garden. Lund starta geiteysteri her og opna turiststasjon. I 1906 selde han garden til forretningsmannen Thorvald Meyer Heiberg, og garden blei ein del av den svære Njardarheim-eigedomen til Heiberg. Men Lund skulle halde fram å leige garden, og drive turiststasjonen og geiteysteriet.

Ein del av jorda i Brotteli vart neddemd ved reguleringa av Botsvatn i 1978.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...