Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juni 2017 kl. 08:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Et par lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oppe på heia, på garden sin grunn. ligg fleire svære hyttefelt. Fjellet er Løefjødd.

Brokke er ein gard (gnr. 62) og ei grend på vestsida av Otra, nord-vest for Rysstad i Hylestad i Valle. Sjølve garden ligg høgt oppe i dalsida ovafor Nomeland. Oppe på heia er det svære vidder som strekker seg heilt inn til Kvina, grenseelva mellom Aust- og Vest-Agder. I nord grensar garden med Berg og Uppstad. I sør renn Faråne. Elva er regulert. Saman med Berg og Haugeland utgjer Brokke krinsen Gardan.

Oppe på heia, under Løefjell, er det dei seinare årtidene bygd fleire store hyttegrender. Her ligg også Brokke Alpinsenter. Suleskarvegen (Fylkesveg 337) går gjennom garden og vidare vestover til Suleskar i Sirdal. Vegen er vinterstengd med bom.

Historie

Garden er truleg gamal, noko både namnet og plasseringa tyder på. Alfred Ryningen skriv i Gards- og ættesoga for Hylestad at ein vel må rekne med at det har sete folk her iallefall før vikingtida.

Før 1668 hadde garden heile sju og ei halv hud i skyld. Det var meir enn nokon annan gard i soknet. Garden vart delt i to rundt 1600, og seinare har garddelinga gått vidare.

Frå rundt midten av 1600-talet og framover til 1797 var det tre bruk i Brokke. Mykje av denne tida var husa på alle tre bruka samla under same tak. Det svære byggverket gjekk under namnet Brokkesvòli.

I husa på Brokke stod lenge også Fakse Brokke, ein trekubbe som var forma til så han likna ein mannsfigur. Nokre har vore inne på at han var ein avgud. Men meir truleg er det nok at han var eit slags helgenbilete.

Kjelder