Borgi (Bygland gnr. 26 bnr. 1)
Borgi («Nord i Borgi») er eit tidlegare gardsbruk (gnr. 26 bnr. 1) i garden Stoplestog i Bygda i Åraksbø i Bygland. Borgi var opphaveleg eitt av dei tre hovedbruka i garden. Men bruket blei delt opp i mindre stykke etter andre verdskrigen, og Borgi blei borte som eige gardsbruk. Att i dag står bare ei heiemark sør for Topsæ og eit hus på ei lita tomt rett ved bygdevegen gjennom Åraksbø.
Heimelshavarar til eigedomen (2017) er Anne T. Haugen, forfattaren Paal-Helge Haugen, Liv Haugen og Torgrim Nordgarden, med ein fjerdedel kvar. Desse fire, eller arvingane deira, eig altså det som er att av Borgi. Sameiga blir kalt «Borgesameiga».
Historie
Våningshuset på gardsbruket brann ned i 1944. Den som budde der då var Anne Torsdotter Borgi. I 1945 skulle Anne Torgeirsdotter Haugen og Torleiv Olavson Haugen flytte inn i det nye huset som var bygd etter brannen i 1944. Men dagen før dei skulle flytte inn, brann også dette nye huset. Etter denne andre brannen blei det ikkje sett opp våningshus på garden.
Men Torbjørn Torson Borgi hadde i 1902 fått lov av far sin Tor Olavson Frøysnes, som då eigde Borgi, til å sette opp eit «ekstra» bustadhus på eigedomen. Det er det raude huset som står på eigedomen i dag, tett ved bygdevegen. Torbjørn var gift med Anne Borgarsdotter Borgi (fødd Hovet). Dei hadde sju born. Mellom desse var spelemannen og bygdekunstnaren Olav Torbjørnson Borgi (1911-1991). Han kom til å overta huset etter foreldra. Dei siste åra han levde var han på alders og sjukeheimen i Valle. Etter at Olav flytta ut, har huset stått tomt.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 15-57
- Kart og opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk