Borghild Werdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Borghild Werdal
Født: 8. mars 1928
Død: 15. februar 2023 (94 år)

Borghild Werdal (fødd Gletne 8. mars 1928, død 15. mars 2023) budde på Øvre Nerstøl i Eiken. Ho var enke etter John Werdal. Dei fekk seks barn, men ein døydde tidleg, det var bare fem som levde opp. Ein av dei var Ånen Werdal, den tidlegare ordføraren i Hægebostad kommune.

Gjennom åra hadde Borgild mange ulike jobbar. Ho kjørte lastebil, hogg tømmer, skar stav, tok på seg husmåling og var avløysar i landbruket i tillegg til å stelle på eigen gard. Tre år var ho også industriarbeidar på Eiken Mekaniske og dreiv med sprøytelakkering og sandblåsing.

Kjelder