Bjørgulv G. Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Bjørgulv G. Rysstad
Bjørgulv G Rysstad (Våre falne).JPG
Bjørgulv G. Rysstad i Våre falne
Født: 21. september 1901
Død: 31. januar 1944 (42 år)

Bjørgulv G. Rysstad (fødd 21. september 1901, død 31. januar 1944) var den eldste sonen til Gunnar Bjørgulvson Rysstad (1872–1953) og den andre kona hans, Birgit Olsdotter frå Heggland i Bygland (1881–1947) på Heimigard Rysstad. Han var lærar, og under andre verdskrigen var han gruppesjef for Milorg i Hylestad og formidla nyhende. Bjørgulv vart teken av tyskarane under opprullinga av Laudal sin organisasjon 20. januar 1943 og ført til Grini fangeleir via Kristiansand, og vidare til Natzweiler, der han døydde. Han var ugift.

Ein bauta er reist ved Hylestad kyrkje til minne om han og broren Sigurd G. Rysstad.

Kjelder