Birgit Attestog

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. september 2021 kl. 22:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om Agder Historielag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgit AttestogSymbol unrelated.svg
Født: 3. november 1955 (69 år)

Birgit Attestog (fødd 3. november 1955) var rektor på Setesdal vidaregåande skule. Ho bur på Lauvdal i Bygland kommune og før ho vart rektor med arbeidsstad på Hornnes, arbeidde ho som lærar og rektor i Bygland kommune i 28 år. Utdanninga si har ho frå Hornnes gymnas og Kristiansand lærarskule. I 2004 tok ho hovudfag i norsk/nordisk. Oppgåva hennar var «Jeg er Setesdøl, jeg». Setesdalsmålet - eit talemål i utvikling eller avvikling? Kristiansand 2004.

Ho har vore engasjert i mållagsarbeid og vore redaksjonsmedlem i Jol i Setesdal i fleire år. I 2020–2021 er ho leiar i Agder Historielag.