Bill Abusland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 14:18 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bill Abusland
Født: 30. september 1930
Død: 19. mai 2010 (79 år)

Bill Abusland (fødd 30. september 1930Abusland i Evje og Hornnes, død 19. mai 2010 i Arendal) var skulesjef i Åseral. Han kom dit som lærar i 1961 og vart etter kvart skuleinspektør, ein tittel som sidan vart endra til skulesjef. Han tok over etter Torleiv Eiken, fyrst som vikar, sidan fekk han stillinga fast og hadde ho til han gjekk av med pensjon.

I tillegg til å vere lærar var han spesielt interessert i jakt og viltstell. Han overtok stillinga som sekretær i viltnemnda etter Bergtor Klepsland. Han var og leiar av bygningsrådet og varamann til kommunestyret for Åseral Arbeidarparti.

Bill Abusland etterlet seg kona Brita Abusland og borna Åse Kristin, Tor Olav og Hilde Gunn, svigerborn og barneborn. Gravferda var i det stille etter hans eige ynskje.

Kjelder